Viktig melding

Lukk meldinga

Her er forslaget til økonomiplan for Hå kommune 2024-2027

Konstituert kommunedirektør i Hå har lagt fram sitt forslag til budsjett for 2024 og økonomiplan for perioden 2024-2027.  Overskrifta er «Gode tenester i dag og i framtida».

I økonomiplanen legg me opp til å vidareføre fleire av satsingane som er i gang. Det har kome mange politiske signal og prioriteringar som me har prøvd å finne rom for. 

Isolert sett er 2024 eit år der inntektene er gode, men me ser at det blir vanskelegare dei tre siste åra i perioden. Me legg difor opp til ei drift i 2024 som tek omsyn til dette. Me legg drifta på eit nivå som gjer at det ikkje blir eit for stort omstillingsbehov seinare i perioden.

Kommunedirektøren vil råde kommunestyret til å tilpasse investeringane slik at dei blir godt fordelte ut i perioden. Vidare vil me råde til å sjå på kva det er mest behov for ut frå bygningskvalitet, struktur, folketal og framskrivingar. Kommunedirektøren føreslår ut frå dette å ikkje bygge ny barnehage på Brusand og å skyve sambrukshuset ut av økonomiplanperioden. Kommunedirektøren føreslår vidare at arbeidet med å bygge ny skule på Vigrestad held fram, og at skulen blir bygd når reguleringsplanen er klar i 2025/2026. 

Kommunedirektøren sitt forslag er eit råd til politikarane, men det er politikarane som bestemmer. Dette skjer på kommunestyremøtet 14. desember.

Meir detaljar om budsjettforslaget finn du her