AdministrasjonenKommunedirektøren har den overordna leiinga av kommunen si samla verksemd. Dette inneber at kommunedirektøren har ansvar for å legga til rette for og koordinera dei oppgåvene kommunen har ansvaret for, etter kommunelova.I tillegg skal kommunedirektøren sjå til at politiske vedtak vert gjennomførde og føra tilsyn med heile forvaltninga i kommunen.For å løysa oppgåvene, har kommunedirektøren knytt til seg kommunalsjefar, eigedomssjef og økonomisjef – saman utgjer desse leiargruppa.Kommunedirektøren si leiargruppe:Waldemar PettersenKommunedirektør (konst.)Tore SpangenØkonomisjefArne BirkelandEigedomssjefCamilla Nielsen TronesOrganisasjonssjefRune RoaldsenKommunalsjef oppvekst (konst.)Jørn KosmoKommunalsjef velferdJan Gunnar MattingsdalKommunalsjef samfunn Sist endra 11.01.2024 12.38