Rapportmal/Planmal (Word og Powerpoint)
Når du skal laga planar eller rapportar, kan du velga om du vil laga i Word eller PowerPoint.
Paowerpoint
Me har to malar i Powerpoint: Presentasjonsmal (POTX, 5 MB) og Rapportmal (POTX, 5 MB). Det går an å bruka begge desse til planar og rapportar. Dersom du har ein kort plan, er presentasjonsmalen god. Dersom du har ein så lang plan at det er behov for sidetal og innhaldsliste bør du velga rapportmalen. Rapportmalen har meir plass til tekst på sidene og har funksjon for faktaboksar i steinformer. Elles er det mykje likt. Dersom du har ein gamal plan i word du skal revidera- eller har veldig mykje tekst du må ha med, bør du heller velga wordmalen. Men sjå gjerne på dette som ein god sjanse til å skriva kort og å presentera planen med eit lettare inntrykk enn i eit worddokument.
Slik kan sidene sjå ut:
Last ned rapportmal for powerpoint her. (POTX, 5 MB)
Word
Bruk wordmalen dersom du har behov for framside, innhaldsliste, fleire kapittel, lange tabellar eller mykje tekst.
Start planen eller dokumentet ditt med ei side du kallar «Kort fortalt». Dette er ei oppsummering over det aller viktigaste med planen. Bruk enkelt språk og tenk på at lesaren ikkje har same fagkunnskap som deg. Få gjerne ein språkvenn i organisasjonen eller kunstig intelligens til å hjelpa deg med å laga denne introen. Spør om hjelp til å skriva ein introduksjon som oppsummerer innhaldet og gir lesaren lyst til å lesa resten av planen.
Kort fortalt skal ikkje vera lenger enn ei halv side med tekst. Teksten skal inspirera til vidare lesing. Kort fortalt er ein betre introduksjon til ein kort plan eller dokument enn ei innhaldsliste. Ei innhaldsliste gir eit inntrykk av at det kjem ein tung og lang plan. Kort fortalt gir inntrykk av at du har ein gjennomarbeida tekst i vente som skal vera enkel å forstå.
Sidene kan sjå slik ut:
Tips:
For å setta inn bilde i steinformene eller steinformer med tekst klikkar du på på “sett inn” og så “hurtigdeler”. I nedtrekksmenyen får du opp val for å setta inn bilde i steinformer eller steinformer med tekst.
Last ned wordmalen her.