7 Foto
Avdelingane til Hå kommune har stor frihet når det gjeld foto. Du kan ta bilde sjølv eller finna bilde i bildebanken (kjem i løpet av våren).
Her er nokre gode fototips:
- Bruk bilde frå Hå kommune og velg gjerne bilde som framhever dei nydelege linjene i landskapet.
- Bruk bilde av menneske. Det finaste er bilde som er naturlege og ikkje oppstilte. Gå gjerne tett på.
- Bruk nærbilde av motiv som er typiske for kommunen. Bilda blir best når motivet framstår som enkelt og reint utan for mange andre forstyrrande element i bildet.
Dersom du ikkje har lokale bilde, kan du bruka illustrasjonsbilde frå Unsplash.
Rettigheiter og samtykke
- Hugs samtykke (godkjenning) frå personar som er avbilda.
- Ikkje bruk bilde som me ikkje har avklart rettigheitene til.
- Hugs kreditering av fotograf.