2 Logo
Logoen til Hå kommune består av steinbukken frå kommunevåpenet og teksten Hå kommune.
Logovariantar
Fylt våpenskjold
Outline
Den fylte varianten med svart bakgrunn er tenkt til dei mest formelle samanhengane. Kvar avdeling bestemmer kva logo som passar best til formålet. Begge logoane finst også med kvit strek.
Nedlasting
Logobruk
Logoen skal brukast i svart på lys bakgrunn, eller i kvit på mørk bakgrunn.
Logo og kommunevåpen skal ikkje brukast i andre fargar enn svart og kvit.
Når logoen skal plasserast på eit bilde, må den delen av bildet som er bak logoen vera roleg og gi god nok kontrast slik at logoen blir tydeleg. Viss det ikkje går an å få til god nok kontrast mot bildet, kan ein av steinformane brukast som bakgrunn for logoen.