Informasjon veke 20 & 21
- Barnetoget på 17. mai: Oppmøte på torget kl. 09.15. Det vil vere føresette på trinnet som går saman med elevane i barnetoget.
- Ønsker alle ein god 17. mai 🇳🇴
- Måndag 20. mai er 2. pinsedag og fridag for elevane.
- Det vert utviklingssamtalar i 4C i veke 21.
- Hugs å ta med lånebøker til biblioteket fredagar.
- Onsdag 5. juni er det Hei Verda open dag på Bø skule kl. 14.00-16.45. Meir informasjon kjem etterkvart. Me på 4. trinn skal ha loppemarknad og vil gjerne ha lopper (t.d. bamsar, dokker, bøker, spel og pynteting). Alt må vere heilt, reint og i god stand. Loppene leverast på 4. trinn sin base i skuletida.
- Lærarar på 5. trinn: Atle Gudmestad, Julie H L Eilertsen, Marianne Øvstebø, Rune Sirevåg, Signy-Beate Håland, Ådne Å Salte og Else Kari Andersson (avdelingsleiar).
Lekser veke 21
Lekse tysdag 21. mai
Matte:
⭐ Gjer leksa saman med ein vaksen heime.
Arbeid med arket i leksemappa.
Lekse onsdag 22. mai
⭐ Pakk gymklede og gymsko eller symjeklede. Hugs handkle og dusjsåpe.
Lekse torsdag 23. mai
Norsk:
⭐ Gjer leksa saman med ein vaksen heime.
- Arbeid med teksten “Oppløysing i sjøvatn” s. 124 i Salto arbeidsbok 4B.
- Svar på spørsmåla s. 125 i Salto arbeidsbok 4B.
⭐ Lade Chromebook 100 %.
⭐ Ta med lånebøker til biblioteket.