Rentestøtte til bygging av ordinære idrettsanlegg
Det er avsett 300.000 kr i årleg rentestøtte til bygging av ordinære idrettsanlegg som fell inn under spelemiddelordninga.
Rentestøtta vert fordelt etter gjeldande prioritering i kommunal handlingsplan for ordinære idrettsanlegg.
Det kan gjevast rentestøtte til anlegg som:
- er idrettsteknisk godtkjente og er med i kommunal handlingsplan for ordinære idrettsanlegg
- arbeidet med bygging av anlegget må vera igangsett
- har begynt å få utbetaling av kommunalt investeringstilskot
Storleiken på tilskotet:
Lånet ein søkjer rentestøtte for kan ikkje overstiga godkjent tippemiddelramme for det gjeldande anlegget.
Det vert rentedekning basert på dokumenterte renteutgifter i søknadsåret.
Søknadsåret vert rekna frå 1.7 føregåande år, til 1.7 inneverande år.
Rentestøtta vert fordelt etter gjeldande prioritering i kommunal handlingsplan for ordinære idrettsanlegg så langt dei avsette midla rekk.
Dersom totalbeløpet for godkjende søknader om rentestøtte overstig den avsette tilskotssummen, vil alle tildelingar til rentestøtte bli redusert prosentvis.
Søknadsfrist: 1. september
Lag som søkjer rentestøtte til fleire anlegg må senda inn eigen søknad og dokumentasjon for kvart einskild anlegg